Midt i Vågå sentrum finn ein Bokhandel’n, eit sjarmerande tømmerhus frå 1919 som rommar ei unik kombinasjon av bakeri, kafé og selskapslokale. Med sitt krambu-aktige preg er dette eit naturleg samlingspunkt for dei som søkjer ei autentisk oppleving.
I det historiske huset blir brød, bakverk og pizza bakt i ein tradisjonell steinomn, som gir ein heilt spesiell og delikat smak og konsistens. Vår dyktige bakar føretrekkjer denne metoden på grunn av den jamne varmefordelinga, medan steinomnen tilfører ein subtil røyksmak frå ved eller kol som brenn som brensel.
Bokhandel’n Bakeri serverer solide og ekte måltid, tufta på tradisjonar og lokale råvarer. For dei som er på farten, tilbyr vi også take away-tenester.